23. oktober vart den lokale nettsida Nordhordland.Memoar.no presentert på eit fellesmøte mellom Memoar, Radøy Sogelag og Radøy Bibliotek. Temafor møtet var munnlege krigsminne frå Radøy og Meland. Det er også hovudinnhaldet på den nye nettsida. Jostein Saakvitne presenterte i alt 10 intervjuopptak som hangjorde saman med Jan Eidi i prosjektet Norgesdokumentasjon midt på 1990-talet. Alledei forteljaranesomvart presenterte er no borte. Møtet på Radøy er starten på eit spennandesamarbeid mellom sogelag, bibliotek og Memoar. Dei fyrste avtalar om intervju vart gjort alt på møtet. I dei intervjua som skal gjerast framover, vil tema bli utvida til å gjelda heile etterkrigstida fram til vårtid. Med det fyrste vil det vli arrangert ein opptaksdag med mobilstudio i samarbeid med biblioteket og sogelaget på Radøy. Voss neste: Førebuingane til eit tilsvarande samarbeidsmøte med sogelag og bibliotek på Voss er i full gang. Datoen er ikkje sett, men mevonar det vil bli før jul. Også på Voss vil starten vera krigsminneopptak frå 1990-talet. Arbeidet med ei eiga nettside for Voss er i full gang. Særskilt interesserte kanfylgjautviklinga på adressa Voss.Memoar.no. Sund er komen lengst Arbeid som dette korkje kan eller skal graderast. Når me likevel gjer det, er det for å peika på at Sund Bibliotek alt har etablert sitt eige, permanente intervjustudio, og er i full gang med å gjera eigne opptak og eige etterarbeid for å dokumentera opptka. Sunnhordland Planen til Memoar er å halda fram dette utviklingsarbeidet også i 2018. Me vonar å utvikla idear om liknande samarbeid i Sunnhordland som fyrste milepel i 2018. |
Organisasjon >