Organisasjon‎ > ‎

9/3-17: Spennande samarbeidsidear i Sund

lagt inn 9. mars 2017, 05:08 av Bjørn Enes   [ oppdatert 9. mars 2017, 05:09 ]

Referat frå møte i Sund 9. mars 2017

Møtet var kome i stand etter avtale mellom Laila Klemetsaune (leiar av kultureininga i Sund) og Bjørn Enes (leiar av Memoar). I tillegg deltok Bente Fosse (Biblioteket), Helge Bjorøy (kartleggingsprosjekt), Rannveig Fridtun Øyen og Christina Thorvaldson frå UiB.

Konklusjonar:

Etter ein engasjert diskusjon var mitt inntrykk at alle møtedeltakarane var samstemte om å ynskja eit snarleg prosjektsamarbeid om innsamling, dokumentasjon og bnruk av munnleg historie på fire ulike felt:

  • Formidling av arkeologi og tidleg historie rundt Skogsvågen: Som ein del av sitt formidlingsprosjekt vil Rannveig og Christina laga lydfilar der dei fortel om arkeologiske funn og tidleg historie knytta til bestemte punkt i området rundt Skogsvågen. Tanken er at dette skal bli ein del av råstoffet til seinare formidlingsmedia om skogsvågen, f.eks. ei digital vandringsrute.

  • Forprosjekt intervjuopptak – lokalhistorie: I nær framtid brukar Bjørn og Helge ein halv dag på å gjera intervjuopptak med ein lokalhistorisk forteljar. Det vert laga ein standard Memoar-avtale med forteljaren, med sikte på at opptaket skal dokumenterast og publiserast på nett.

  • Forprosjekt – intervjuopptak migrasjonshistorie: I nær framtid (helst same dag som førre) brukar Bente og Bjørn ein halv dag på å gjera intervjuopptak med ein forteljar frå eit av minoritetsmiljøa i kommunen. Også her vert det laga ein standard Memoar-avtale med forteljaren, med sikte på at opptaket skal dokumenterast og publiserast på nett. Dette kan bli ein «flying start» på prosjektet «Rom for forteljingar» som Fylkesbiblioteket nyleg inviterte til.

  • Forprosjekt - avlevering Fylkesarkivet og (eller) Norsk etnologisk gransking: Så snart dei to intervjua er ferdig dokumneterte og publiserte, ber Memoar og Sund Kommune om å få avlevera dei til Hordaland Fylkesarkiv som dei fyrste i ein serie mapper med digitalisert munnleg kjeldemateriale. Parallellt rettar me same oppmoding til NEG. Hovudformålet med dette er å sikra at standardavtalen er god nok til å sikra at Sund kommune kan bruka materialet i framtidige formidlings-, undervisnings- og kulturprosjekt.

  • Introduksjonskurs til munnleg historie: I nær framtid tek me sikte på å arrangera eit kortkurs om munnleg historie om gjennomføring av minneintervju. Målgruppe for kurset vil vera alle som har lyst å gjera slike intervju, med særleg tanke på medlemmer av Sogelaget, tilsette i kultureining/bibliotek, og interesserte frå minoritetsmiljøet.

  • Lån av Memoar sitt mobile studio: Snarast råd bestemmer me 14 dagar der det høver at Sund Bibliotek låner memoar sitt mobilstudio for å testa ut interessa. Det kan vera nyttigg å samkøyra kurs og ein slik låneperiode slik at interesserte kan gå rett på å prøva seg med eigne opptak.

  • Råd om etablering av eige permanent intervjustudio: Bjørn sender over innkjøpslista som vart brukt i samband med Mobilstudio og studio i Bergen Bibliotek.

Kostnader: Som nemnt under møtet, har Memoar fått midler frå Hordaland Fylkeskommune til Kulturelt utviklingsprosjekt «Krafttak for munnleg historie i Hordaland». (Sjå http://Krafttak.Memoar.no) Dei konkrete planane som er nemnt over er alle veldig interessante i memoar sin strategi for eit slikt krafttak. Me vi difor dekka alt arbeid frå Memoar si side med KUP-midler, i von om at dette vil vera positivt for framdrifta i samarbeidet.


I tillegg snakka me om:

  • Munnleg historie og sysselsetjing: Bjørn fortalde om Cork Memory Project (sjå artikkel i Memoar sin blogg), der eit samarbeid mellom universitet, velferdsforvaltninga og kommune om innsqamling av munnleg kjeldemateriale har vore ein suksess både som forsking, arbeidstrening og kulturarbeid. Me drøfta ein idé om å lansera eit liknande prosjekt i Sund/Sotra – ikkje minst med fokus på å dokumentera nyare industrihistorie gjennom å engasjera langtidsledige frå den same industrien.

  • Digital vandringsrute: Me snakka faktisk ikkje noko særleg om dette, men det var heilt tydeleg at alle hadde den same idéen i bakhovudet. Etter Memoar sitt syn er munnleg hisotire veldig godt råstoff for slike media.

  • Emneordliste: Me snakka såvidt om behovet for ei emneordliste for munnleg historie frå Sund. Dette er eit viktig framtidig samarbeidsfelt – men for stort til å ta med på kort sikt.


Comments