Etter at mobilstudio no er på plass, er det klart for å utvida arbeidet med minnesamling til resten av Hordaland. Derfor sende me fylgjande brev til alle bibliotek og sogelag i fylket. Brevet vil også gå til alle musé: Krafttak for munnleg historie i HordalandMe som lever no, er den fyrste generasjonen i historia der alle kan leggja etter seg munnlege forteljingar om sine liv. Det kan gi framtida eit viktig kjeldemateriale for å forstå notida og det som i dag er "manns minne". Dette er hovudidéen til Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie. Så har det vist seg at forteljingar om levd liv også har stor interesse her og no: Gjennom å dela minner og livserfaringar aukar me innsyn og forståing av samanhengar i notid og nær fortid. I tre år - 2017, 2018 og 2019 - vil Memoar arbeida for at mange i Hordaland skal starta som minnesamlarar, og at endå mange fleire skal fortelja og dela forteljingane med samtid og framtid. Til bibliotek, sogelag og musé:Me meiner at det i framtida bør vera intervjustudio i alle bibliotek, og innsamlingar av munnleg historie i alle sogelag og musé. Men me veit jo at det ikkje er så enkelt å kome i gang: Me har jo sjølve gått ein lang veg. For å gjera det lettare å starta, kan me hjelpa med:
Me har fått ei løyving frå Hordaland Fylkeskommune som gjer det mogleg å tilby denne hjelpa heilt gratis til dei fyrste som tek kontakt. Etter kvart som lokale minneinnsamlingar kjem i gang, har me stor tru på at frivillig arbeid vil vera hovudmetoden. Innsamling av munnleg historie treng ikkje vera dyrt, og det kan gi ein "ny giv" i sogelagsarbeidet. Me tek det frå ein kant:Ta kontakt viss dette vekkjer interesse. Send ein epost til post@memoar.no eller ring til underteikna, (Bjørn Enes, leiar av Memoar, tlf. 415 16 745). Me er opne for alle idear om nye minneinnsamlingar. Frå før arbeider me med sjøfartsminner, minner frå industriarbeidsplassar, lokalkultur og -historie, språkhistorie og målsak, kultur- og motkulturhistorie og innsamling av livsforteljingar. Saman med Bergen Bibliotek og Fylkesbiblioteket førebur me ei innsamling av minner og forteljingar frå kulturelle minoritetar, flyktningar og innvandrarar. Denne vil me gjerne samarbeida om i alle komunar. Les meir om Memoar og dei ulike prosjekta me er i gang med på nettsida vår, www.memoar.no og i bloggen vår - http://Framdrift.Memoar.no
Bergen - 14. februar 2017 Med beste helsing Bjørn Enes, leiar av Memoar. |
Organisasjon >