Organisasjon

I forprosjektperioden har det utvikla seg ein prosjektbasert arbeidsmåte der Memoar samarbeider med andre organisasjonar og verksemder i konkrete prosjekt, utan å gjera bygginga av Memoar i seg sjølv til ei hovudsak. Dette har fungert bra så langt, men me har ikkje avslutta diskusjonen om kva slags type organisasjon Memoar skal utviklast til.

Stor og brei aktivitet i Hordaland hausten 2017

lagt inn 24. okt. 2017, 01:03 av Bjørn Enes

23. oktober vart den lokale nettsida Nordhordland.Memoar.no presentert på eit fellesmøte mellom Memoar, Radøy Sogelag og Radøy Bibliotek. Temafor møtet var munnlege krigsminne frå Radøy og Meland. Det er også hovudinnhaldet på den nye nettsida. Jostein Saakvitne presenterte i alt 10 intervjuopptak som hangjorde saman med Jan Eidi i prosjektet Norgesdokumentasjon midt på 1990-talet. Alledei forteljaranesomvart presenterte er no borte. 
Møtet på Radøy er starten på eit spennandesamarbeid mellom sogelag, bibliotek og Memoar. Dei fyrste avtalar om intervju vart gjort alt på møtet. I dei intervjua som skal gjerast framover, vil tema bli utvida til å gjelda heile etterkrigstida fram til vårtid. 
Med det fyrste vil det vli arrangert ein opptaksdag med mobilstudio i samarbeid med biblioteket og sogelaget på Radøy. 

Voss neste:
Førebuingane til eit tilsvarande samarbeidsmøte med sogelag og bibliotek på Voss er i full gang. Datoen er ikkje sett, men mevonar det vil bli før jul. Også på Voss vil starten vera krigsminneopptak frå 1990-talet. Arbeidet med ei eiga nettside for Voss er i full gang. Særskilt interesserte kanfylgjautviklinga på adressa Voss.Memoar.no

Sund er komen lengst
Arbeid som dette korkje kan eller skal graderast. Når me likevel gjer det, er det for å peika på at Sund Bibliotek alt har etablert sitt eige, permanente intervjustudio, og er i full gang med å gjera eigne opptak og eige etterarbeid for å dokumentera opptka. 

Sunnhordland
Planen til Memoar er å halda fram dette utviklingsarbeidet også i 2018.  Me vonar å utvikla idear om liknande samarbeid i Sunnhordland som fyrste milepel i 2018. 

19/8-17: Vervekampanje startar

lagt inn 18. aug. 2017, 22:37 av Ukjent bruker

I På styremøte for sommaren bestemte Memoar å gjera eit arbeid for å styrka organisasjonewn i hauyst.  I løpet av sommaren utvikla me ei presentasjonsbrosyre. Den vart trykt opp i 1000 eksemplar, 
Me skrev til alle som har blitt intervjua til no i Krafttaket og til dei som elles har vore involvert i minnesamlingsarbeid der me oppmoda dei både til å teikna seg som medlemmer sjølve, og til å spreia brosjyrer til andre som kan tenkjast å vera interesserte. Desse breva gjekk ut 19/8. 
Ved starten på denne kampanher Memoar 18 medlemmer. Styremøtet drøfta spørsmålet om kven me eigentleg ynskjer å ha som medlemmer, og definerte fire grupper: 
- Forteljarar: Alle dei personane som deler sine forteljingar med samtid og/eller ettertid gjennom å la seg intervjua, er ynskte som medlemmer. 
- Minnesamlarar: Personar som engasjerer seg  eller tenkjer å engasjera seg i minnesamling, er ynskte som medlemmer. Desse vil vera margen i ein organisasjon for munnleg historie. Det må vera eit  stort innslag av frivillige minnesamlarar, men me ynskjer og å utvikla og knytta til oss profesjonelle  som kan og vil gjera det til eit levebråd å arbeida med munnleg historie. 
- Fagpersonar som vil vera med å arbeida fram ein norsk organisasjon for munnleg historie: Tilsette i bibliotek, musé og arkiv,  Akademikarar og forskarar, særleg innanfor historie og kulturvitskap. Lokal-, bedrifts- og slektshistorikarar og andre som arbeider med munnleg historie i andre organisasjonar og institusjonar enn Memoar, men som ser ein verdi av å ha ein organisasjon med munnleg historie som hovudfokus. 
- Og til sist: Personar som ynskjer å støtta Memoar utan å villa eller kunna engasjera seg aktivt. 
Det fyrste brevet som gjekk ut 19/8 gjekk til 65 personar i dei to fyrste gruppene. 

1/6-17: Memoar søker om å forlenga KUP-prosjektet med to år

lagt inn 5. juni 2017, 23:48 av Bjørn Enes   [ oppdatert 19. juni 2017, 22:09 ]

Som det vart signalisert i søknaden i 2016, rekna Memoar med at det vil trengast meir enn eitt år for å byggja opp infrastruktur, kompetanse og organisasjon rundt munnleg historie i Hordaland. Men me søkte likevel berre om eitt år i fyrwste omgang. Bakgrunnen var at me ynskte å demonstrera både for kulturadministrasjonen i Fylkeskommunen og for kulturpolitikarane at det er substans i det me arbeider med. 

Den fyrste juni 2017 leverte me den fyrste framdriftsraporten. Den omhandlar arbeidet med det kulturelle utviklingsprosjketet i fyrste halvår, frå me fekk løyvinga på 200.000 i måpnadsskiftet oktober/november 2016 og fram til slutten av mai 2017. Du finn framdriftsrapporten under hovudmenypunktet Rapportering .

Utanom framdriftsrapporten besto søknaden av eit førebels rekneskap for fyrste halvår, ein plan og eit budsjett for resten av 2017 og 2018.  Du finn alle som under punkt under Framdrift

9/3-17: Spennande samarbeidsidear i Sund

lagt inn 9. mars 2017, 05:08 av Bjørn Enes   [ oppdatert 9. mars 2017, 05:09 ]

Referat frå møte i Sund 9. mars 2017

Møtet var kome i stand etter avtale mellom Laila Klemetsaune (leiar av kultureininga i Sund) og Bjørn Enes (leiar av Memoar). I tillegg deltok Bente Fosse (Biblioteket), Helge Bjorøy (kartleggingsprosjekt), Rannveig Fridtun Øyen og Christina Thorvaldson frå UiB.

Konklusjonar:

Etter ein engasjert diskusjon var mitt inntrykk at alle møtedeltakarane var samstemte om å ynskja eit snarleg prosjektsamarbeid om innsamling, dokumentasjon og bnruk av munnleg historie på fire ulike felt:

  • Formidling av arkeologi og tidleg historie rundt Skogsvågen: Som ein del av sitt formidlingsprosjekt vil Rannveig og Christina laga lydfilar der dei fortel om arkeologiske funn og tidleg historie knytta til bestemte punkt i området rundt Skogsvågen. Tanken er at dette skal bli ein del av råstoffet til seinare formidlingsmedia om skogsvågen, f.eks. ei digital vandringsrute.

  • Forprosjekt intervjuopptak – lokalhistorie: I nær framtid brukar Bjørn og Helge ein halv dag på å gjera intervjuopptak med ein lokalhistorisk forteljar. Det vert laga ein standard Memoar-avtale med forteljaren, med sikte på at opptaket skal dokumenterast og publiserast på nett.

  • Forprosjekt – intervjuopptak migrasjonshistorie: I nær framtid (helst same dag som førre) brukar Bente og Bjørn ein halv dag på å gjera intervjuopptak med ein forteljar frå eit av minoritetsmiljøa i kommunen. Også her vert det laga ein standard Memoar-avtale med forteljaren, med sikte på at opptaket skal dokumenterast og publiserast på nett. Dette kan bli ein «flying start» på prosjektet «Rom for forteljingar» som Fylkesbiblioteket nyleg inviterte til.

  • Forprosjekt - avlevering Fylkesarkivet og (eller) Norsk etnologisk gransking: Så snart dei to intervjua er ferdig dokumneterte og publiserte, ber Memoar og Sund Kommune om å få avlevera dei til Hordaland Fylkesarkiv som dei fyrste i ein serie mapper med digitalisert munnleg kjeldemateriale. Parallellt rettar me same oppmoding til NEG. Hovudformålet med dette er å sikra at standardavtalen er god nok til å sikra at Sund kommune kan bruka materialet i framtidige formidlings-, undervisnings- og kulturprosjekt.

  • Introduksjonskurs til munnleg historie: I nær framtid tek me sikte på å arrangera eit kortkurs om munnleg historie om gjennomføring av minneintervju. Målgruppe for kurset vil vera alle som har lyst å gjera slike intervju, med særleg tanke på medlemmer av Sogelaget, tilsette i kultureining/bibliotek, og interesserte frå minoritetsmiljøet.

  • Lån av Memoar sitt mobile studio: Snarast råd bestemmer me 14 dagar der det høver at Sund Bibliotek låner memoar sitt mobilstudio for å testa ut interessa. Det kan vera nyttigg å samkøyra kurs og ein slik låneperiode slik at interesserte kan gå rett på å prøva seg med eigne opptak.

  • Råd om etablering av eige permanent intervjustudio: Bjørn sender over innkjøpslista som vart brukt i samband med Mobilstudio og studio i Bergen Bibliotek.

Kostnader: Som nemnt under møtet, har Memoar fått midler frå Hordaland Fylkeskommune til Kulturelt utviklingsprosjekt «Krafttak for munnleg historie i Hordaland». (Sjå http://Krafttak.Memoar.no) Dei konkrete planane som er nemnt over er alle veldig interessante i memoar sin strategi for eit slikt krafttak. Me vi difor dekka alt arbeid frå Memoar si side med KUP-midler, i von om at dette vil vera positivt for framdrifta i samarbeidet.


I tillegg snakka me om:

  • Munnleg historie og sysselsetjing: Bjørn fortalde om Cork Memory Project (sjå artikkel i Memoar sin blogg), der eit samarbeid mellom universitet, velferdsforvaltninga og kommune om innsqamling av munnleg kjeldemateriale har vore ein suksess både som forsking, arbeidstrening og kulturarbeid. Me drøfta ein idé om å lansera eit liknande prosjekt i Sund/Sotra – ikkje minst med fokus på å dokumentera nyare industrihistorie gjennom å engasjera langtidsledige frå den same industrien.

  • Digital vandringsrute: Me snakka faktisk ikkje noko særleg om dette, men det var heilt tydeleg at alle hadde den same idéen i bakhovudet. Etter Memoar sitt syn er munnleg hisotire veldig godt råstoff for slike media.

  • Emneordliste: Me snakka såvidt om behovet for ei emneordliste for munnleg historie frå Sund. Dette er eit viktig framtidig samarbeidsfelt – men for stort til å ta med på kort sikt.


14/2-17: Alle bibliotek og sogelag i Hordaland fekk tilbod om å låne mobilstudio

lagt inn 21. feb. 2017, 22:05 av Bjørn Enes

Etter at mobilstudio no er på plass, er det klart for å utvida arbeidet med minnesamling til resten av Hordaland. Derfor sende me fylgjande brev til alle bibliotek og sogelag i fylket. Brevet vil også gå til alle musé:

Krafttak for munnleg historie i Hordaland

Me som lever no, er den fyrste generasjonen i historia der alle kan leggja etter seg munnlege forteljingar om sine liv. Det kan gi framtida eit viktig kjeldemateriale for å forstå notida og det som i dag er "manns minne". Dette er hovudidéen til Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie.

Så har det vist seg at forteljingar om levd liv også har stor interesse her og no: Gjennom å dela minner og livserfaringar aukar me innsyn og forståing av samanhengar i notid og nær fortid.

I tre år - 2017, 2018 og 2019 - vil Memoar arbeida for at mange i Hordaland skal starta som minnesamlarar, og at endå mange fleire skal fortelja og dela forteljingane med samtid og framtid.

Til bibliotek, sogelag og musé:

Me meiner at det i framtida bør vera intervjustudio i alle bibliotek, og innsamlingar av munnleg historie i alle sogelag og musé. Men me veit jo at det ikkje er så enkelt å kome i gang: Me har jo sjølve gått ein lang veg. For å gjera det lettare å starta, kan me hjelpa med:

  • Me kan låna ut utstyr til pilotprosjekt. Det gjeld kamera/lydopptakar, lysrigg, arkiveringsplass for råopptak (i "nettskya"), redigeringsprogram, permanent arkiveringsplass og publiseringshjelp.

  • Me kan hjelpa med erfaringar under planlegging av innsamlingar, me kan halda kurs om intervju (teknikk, etikk og juss mm), om etterarbeidet (enkel redigering, dokumentering mm), me kan organisera erfaringsutvekslingar og fellestiltak (f.eks. permanent arkiv)

Me har fått ei løyving frå Hordaland Fylkeskommune som gjer det mogleg å tilby denne hjelpa heilt gratis til dei fyrste som tek kontakt. Etter kvart som lokale minneinnsamlingar kjem i gang, har me stor tru på at frivillig arbeid vil vera hovudmetoden. Innsamling av munnleg historie treng ikkje vera dyrt, og det kan gi ein "ny giv" i sogelagsarbeidet.

Me tek det frå ein kant:

Ta kontakt viss dette vekkjer interesse. Send ein epost til post@memoar.no eller ring til underteikna, (Bjørn Enes, leiar av Memoar, tlf. 415 16 745).

Me er opne for alle idear om nye minneinnsamlingar. Frå før arbeider me med sjøfartsminner, minner frå industriarbeidsplassar, lokalkultur og -historie, språkhistorie og målsak, kultur- og motkulturhistorie og innsamling av livsforteljingar. Saman med Bergen Bibliotek og Fylkesbiblioteket førebur me ei innsamling av minner og forteljingar frå kulturelle minoritetar, flyktningar og innvandrarar. Denne vil me gjerne samarbeida om i alle komunar.

Les meir om Memoar og dei ulike prosjekta me er i gang med på nettsida vår, www.memoar.no og i bloggen vår - http://Framdrift.Memoar.no



Bergen - 14. februar 2017

Med beste helsing

Bjørn Enes, leiar av Memoar.  

12/1-17: Fire nye samarbeidsidear mellom Memoar og Bergen Bibliotek

lagt inn 12. jan. 2017, 03:39 av Bjørn Enes   [ oppdatert 12. jan. 2017, 03:43 ]

17-01-12 - Møte med Sverre Helge Bolstad og Lars Christian Bjørknes.


Møtet vart helde i Studio 1 etter initiativ frå Bjørn. Møtet resulteterte mellom anna i fylgjande:

1. Redigering i Studio 1: Bjørn orienterte om at Memoar nå har etablert avtale med WeVideo.com som er ei skyteneste som gir adgang til redigering av video. Denne avtalen kompletterer avtalene med Dropbox.com og Vimeo.com og gir fylgjande rutinar:

  • Råopptak vert lasta opp til Dropbox. (Frå opptaksmaskinen i Studio 1 til mappa Bergensminner som er delt mellom Bergen Bibliotek og Memoar) Derifrå vert råfilen delt med dei som eig han (forteljar og intervjuar) og den som skal redigera (normalt intervjuar).

  • Redigerar lastar råopptaket frå Dropbox til WeVideo (det går "sky til sky", utan å bruke lokale internettlinjer). Der kan ho/han redigera ferdig og rendra den ferdige publiseringsversjonen frå kva maskin / nettbrett / mobiltelefon som helst.

  • Ferdig publiseringsfil vert kopiert attende til Dropbox ("sky-til-sky"), og arkivert i same mappe som råopptaket. (Deretter vert prosjektet sletta i WeVideo for å spara plass - me har "berre" avtale om 250 Gb)

  • Frå Dropbox kan så publiseringsfila publiserast på Vimeo. Det går også "sky-til-sky".

memoar skal ha fyrste kurs om dette tysdag 17/1. Bjørn ynskte ei avklaring på om maskin 1 ("musikkmaskinen") i Studio 1 kan brukast til redigering i WeVideo. Det vart avtalt, og same brukarkonto som på maskin 2 ("Intervjumaskinen") var oppretta. Brukar er Memoar, passordet det same på begge maskinane.


2. Intervju som del av kvardagsintegrering. Sverre Helge orienterte om eit større prosjekt om kvardagsintegrering som Biblioteket har fått midler til frå Gjensidigestiftelsen. Han spurde om eit samarbeid om det kunne vera interessant for Memoar. Bjørn stadfesta at ideen om eit eige prosjekt for å samla immigrantforteljingar hadde stått på lista til Memoar heilt frå starten, og at det er veldig interessant å gå med i noko slikt. Eit nærliggande forslag er å bruke Studio 1 og mobilstudio, redigeringsløysing, publisering på Memoar.no og/eller ei eiga nettside og arkivering i samarbeid med Norsk etnologisk gransking og/eller Byarkivet (evt. Fylkesarkivet). Konklusjonen vart at Sverre Helge tar initiativ til eit møte med prosjektleiar for Gjensidige-prosjektet.


3. Prosjekt - Nasjonalbiblioteket: Sverre Helge reiste spørsmålet om eit samarbeidsprosjekt mellom Memoar og Bergen Hovudbibliotek i samband med Nasjonalbiblioteket si utlysing av utviklingsmidler (frist 17/2). Me diskuterte, og skisserte fylgjande idé:

Bakgrunn: Munnleg historie (oral history) har vakse fram saman med opptaksteknologiane (voksrullar - magnetofon - bandspelar - kasettspelar - videospelar - digitale opptakarar). I mange land er feltet stort både som dokumentasjon, forsking, formidling og ikkje minst som som arbeidsområde for frivillige og frilans "oral historians". I USA finst det største arkivet i Librafy of Congress. I Storbritania finst det største arkivet i British Library. I Noreg har det vore samla tekstar som det er naturleg å gruppera saman med "oral history", primært i Norsk etnologisk gransking og Folkeminnesamlinga. Men det finst ikkje noko sentralt arkiv eller formidlingsløysing for munnleg historie / minnesamlingar i lyd- eller videoformat. våre erfaringar frå Bergen viser at biblioteket også i Noreg er det naturlege forankringspunktet for munnleg historie. Ambisjonen med prosjektet vårt er å vidareutvikla, prøva ut og kvalitetssikra ein struktur for munnleg historie i Hordaland som eventuelt kan bli ein "prototype" for ein framtidig nasjonal struktur.


Infrastruktur: Kort om erfaringane med samarbeidet mellom Biblioteket, Memoar, Sjøfartsmuseet, Bymuseet og Byarkivet. Skisse av nåværande struktur (omlag som pkt 1 i dette referatet). Vise at bruk av "hyllevarer" (Dropbox, Vimeo, WeVideo) kan få kostnadane kraftig ned og frigjere kostnader til innhaldsarbeidet (intervju, dokumentasjon og formidling): Mål: Vidareutvikla, effektivisera og kvalitetssikra strukturen, bygga han ut med fleire bibliotek/museum/lokalarkiv, fleire frivillige organisasjonar, frilansarar og private verksemder.


Kompetanse: Utvikla og beskriva minneintervjuet med video som sjanger / format. Utvikla, kvalitetssikra og beskriva dokumentasjonsmetodar med stikkord, emneord og tidskodar som gjer lange videoopptak søkbare og "klikkbare". Geotagging som ein del av metadatastrukturen. Utvikling utprøving og beskriving av arkiveringsformat, mappestrukturar eg kunnskapsorganisering som og kan skalerast opp til nasjonalt format. Utvikling, utprøving og beskriving av formidlingsmåtar for munnleg historie, både i form av publikumsarrangement og digitale formidlingsformat (mellom anna vandrigsruter).


Organisasjon: Utvikla, prøva ut, (formalisera?) og beskriva samarbeidsformer om munnleg historie og minnekultur, fyrst mellom Biblioteket, Memoar, Sjøfartsmuseet/Bymuseet og Bergen Byarkiv. Utvida denne organiseringa til fleire bibliotek, musé, organisasjonar, verksemder og frilansarar i Hordaland. Reisa spørsmålet om å formalisera ei slik organisering etter liknande prinsipp som Oral History Society i Storbritania.


Produksjon: All erfaring fram til no viser at det mest effektive utviklingsarbeidet går parallellt med eller som ein del av "produksjonen" - det vil seie det konkrete arbeidet med å førebu, avtala og gjennomføra opptak, dokumentera opptak og redigera publiseringsversjonar, arkivbygging og formidling. Me ynskjer at dette utviklingsprosjektet og skal ha rom til at dei som driv utviklingsarbeidet også skal ta del i konkret produksjon, fyrst og fremst i samand med Biblioteket sitt prosjekt kvardagsintegrering.


Me konkluderte med at fyrste steg i utviklinga av søknad til Nasjonalbiblioteket skulle vera at Bjørn formulerer prosjektideen i skisseformat. Med formuleinga over er dette steget utført.

Neste steg blir kommentar frå Sverre og ein kontakt om vidare utvikling.


4. Lufting av idé om samarbneid med NAV

I samband med at Sverre nemnte eit snarleg samarbeidsmøte med NAV, ba Bjørn om å få fortelje om ein idé han hadde med seg frå eit besøk i Cork, Irland: (Sjå Rapport frå studiereise til Cork Folklore Project):

Sidan 1996 har det pågått eit samarbeid mellom University College Cork (UCC), Department of Social Protection (sosialdept) og Northside Community Enterprises Ltd (NCE), eit arbeidsmarkanadstgiltak (initiert av kyrkja) som driv med omskulering, bedriftsutvikling og andre arbeidsmarknadstiltak.


Langtidsledige (som dette høver for) får tilbod om midlertidig prosjekttilsetjing som intervjuarar i Cork Folklore Project. Dei arbeider saman med studentar i etnologi og folkloristikk som arbeider med barchelor- eller masteroppgåver. Dei har ein dagleg leiar som er tilsett av NCE, ein fagleg rettleiar som er tilsett i UCC (25%) - og sjølve er dei betalte av Dept. for Social Protection.


Me snakka ikkje med Social Protection då me var på besøk. Men i fylgje fagleg rettleiar, instituttleiar på UCC og prosjektdeltakarane sjølve, fungerer dette samarbeidet så godt for alle partar at det ikkje er på tale å endre på det på noko vis. For NAV bør det vera interessant at dei hevda at resultata frå dette prosjektet er betre enn svært mange andre, sjølv om svært få har kome ut av prosjektperioden som profesjonelle "oral historians". Effektane dei nemnte var: Læring og praktisk bruk av data, arkivbygging, teamarbeid, samfunnskunnskap og motivasjon. Særleg viktig var at arbeidet som intervjuar og "forskar" gav eit veldig motivasjons- og sjølvtillitsløft.


Dei (UCC og dagleg leiar av CFP) ville veldig gjerne kome til Bergen for å fortelja om erfaringane.

Bjørn sin idé om dette var at ein liknande konstellasjon kunne vera veldig spennande i samarbeid mellom NAV, Biblioteket, UiB/Kulturvitskap og Memoar. Det ville kunne styrka begge dei prosjekta som er nemnt over. Eg tek også med her - sjølv om det ikkje vart nemnt under møtet - at ei innsamling av munnleg historie av og om langtidsledige oljearbeidarar vil kunne være av veldig stor verdi som samtidsdokumentasjon. Viss mogleg, presenterer Bjørn gjerne denne ideen for NAV.


Det er det eg kallar eit godt møte.


12/1-16


Bjørn


4/11-16: Medlemsbrev # 1

lagt inn 3. nov. 2016, 23:14 av Bjørn Enes   [ oppdatert 3. nov. 2016, 23:37 ]


Aktiviteten i Memoar er alt no så manfaldig at det er vanskeleg å halde oversynet. Og i beste fall kjem det berre til å bli "verre" - det melder seg nye medlemmer med spennande idear og eigne nettverk som dei ynskjer å invovlera i nye innsamlingsprosjekt. 
Den viktigaste kommunikasjonen med både medlemmer, samarbeidspartnarar og offentlegheita vil framleis gå gjennom nettsida www.Memoar og dei ulike undersidene. 
Men frå no av vil medlemmene få tilsendt eit regelmessig nyhetsbrev for å lette oversynet over kva som skjer.


Bli medlem i Memoar



30/10: Opptak og idéutvikling i Strandebarm

lagt inn 30. okt. 2016, 22:40 av Bjørn Enes

Sundag 30/10 var prosjektleiar i Strandebarm og gjorde opptak med ein forteljar der. Kven og om kva kjem me attende til når/viss vedkomande bestemmer seg for å dele forteljinga. I same omgang hadde me ein god diskusjon om oppfylgjing gjennom noko som kan utvikle seg til eit prosjekt med utgangspunkt i Strandebarm. Desse detaljane mø også vente litt. 

Fleire nye medlemmer

lagt inn 27. okt. 2016, 04:20 av Bjørn Enes   [ oppdatert 27. okt. 2016, 05:09 ]

Foredrag på Biblioteket, oppslag i BT og reportasje i NRK har fått mangt til å losna. 
Fleire av dei nye har prosjekt dei vil starta.
Fyrste samling vert 12/11. 

1-9 of 9