Framdrift‎ > ‎

Rapportering

Framdriftsrapport pr. 30. mai 2017: 
Tildelinga av KUP-midler til vårt «Krafttak for munnleg histortie i Hordaland» i november i fjor, var ei stor inspirasjonskjelde. Me kom raskt igang, for planane var klare og me har møtt gledeleg interesse frå framtidige samarbeidspartnarar rundt i heile fylket.  

Me som lever no er dei fyrste generasjonane i historia der "vanlege folk" kan leggja etter seg munnlege uttrykk i lyd- og biletformat i stort omfang. Dei nye opptaksteknologiane - magnetofonen frå 1930-talet, kasettspelaren frå 1960-talet og dei digitale lyd- og videopptakarane i vår tid - er forklaringa på ei spennande internasjonal utvikling innan kulturvitskap, historie, samfunnsfag og frivillig kulturarbeid. «Oral history» har vakse fram, ikkje berre som eit nytt folkeleg og profesjonelt kulturfelt, men også som eit akademisk fagområde. 
Som tidlegare nemnt, har me mangla eit tilsvarande utvikling i Noreg. Men mykje tyder på at det losnar no – og at krafttaket i Hordaland vert lagt merke til elles i landet. Veldig kort kan me oppsummera dette: 

Formidling og deltaking: 

Memoar har valt mottoet «Alle har ei forteljing å dela». Dette har vist seg å appellera sterkt, både til forteljarar og til det me kallar «minnesamlarar». Det mest synlege provet på dette fekk me den 26 mars i år, på Bergens Sjøfartsmuseum. Der sat åtte gamle sjøulkar frå heile Hordaland og fortalde for eit stappfullt museum om minne frå gullalderen i norsk sjøfart – og endringane som gjorde slutt på han. Alle åtte hadde frå før blitt grundig intervjua ein og ein, og forteljingane deira er gjort tilgjengelege for alle interesserte gjennom nettsidaSjofart.Memoar.no.
Alle som var til stade fekk demonstrert kor mykje kunnskap og livserfaring som finst i ei slik gruppe, og kor engasjerande det er å vera til stade når primærkjeldene sjølve formidlar nær historie gjennom forteljingar om levd liv – på sju hav og i hundre hamner. 

Sjøfolka er eit døme på noko som gjeld svært mange yrkesagrupper og andre «subkulturar» i fylket: Teknologi og organisasjon endrar seg – men historiene vert berre i liten grad bevart i skriftlege kjelder. «Taus kunnskap» er ikkje mykje taus, når berre dei som har han kjem til orde og orda vert tatt vare på. Det er dette som gjer munnleg historie til ei så viktig kultrurminnevern. 
"Forteljarpanel" på Sjøfartsmuseet 26/3-17.

Nye «forteljarpanel» under utvikling: 
Truleg må me laga eit nyord for denne typen kulturarrangement, for sjølv om forteljingar om levd liv truleg er den vanlegaste og eldste kulturforma som finst, så manglar me eit ord for slike organiserte framføringar. Men mange har tent på forma og ideen. I løpet av det fyrste halvåret i krafttaket er fylgjande prosessar i gang: 
  • Lokal historie i Sund:   Saman med Sund Folkebibliotek, Sund Sogelag og kultureininga i Sund Kommune har Memoar starta opp eit arbeid for å ta vare på opptak av kunstene til nokre av dei mest kjende forteljarane i Sund.  Dei fyrste opptaka vert gjort i mai 2017, med fokus på skule- og husflidshistorie. Seinare i sommar eller tidleg haust skal me gjennomføra eit kurs for å få fram fleire aktive minnesamlarar. Memoar låner ut sitt mobilstudio i ein periode slik at folk kan få forsøkt seg og biblioteket kan måla interessa. Me vonar jo at resultatet vert at Sund kommune fylgjer eksempelet frå Bergen og etablerer eit permanent intervjustudio  og videoarkiv  som sogelaget og andre interesserte kan nytta.
  • Historia før Mongstad på Mongstad: Framfor kulturminnedagane i Austrheim i 2018 arbeider Memoar saman med bibliotek og sogelag for å utvikla ein idé om eit publikumsarrangement med fokus på livet og arbeidet i bygda før oljealderen endra alt. Tanken er å laga ein serie med einskildintervju på video som førebuing til eit arrangement med forteljarpanel under kulturminnedagane.
  • Krigshistoria i Radøy: I løpet av 1990-åra vart det gjort ein serie opptak av munnleg historie om krigsåra på Radøy. Desse opptaka har vore til utlån som VHS-kassettar på biblioteket, men er no ganske nedslitne. Dei fleste har også kvitta seg med VHS-spelarane sine.  Memoar arbeider med å digitalisera og republisera desse opptaka. Samtidig har me notert at dei som no kan fortelja om krigsåra, er folk som hugsar krigen som barndomsminner. Dette kan vera grunnlag for eit svært spennande arrangement der me ser videoklipp av forteljingane frå «dei gamle» (som no stort sett er borte), og så får høyra forteljingane til dei som var barn under den tida som dei gamle fortel om. 
  • Andre idear på teiknebrettet:  Tidleg i «krafttaket» kontakta me alle kyst- og sogelag i Hordaland og alle bibliotek. Me lova å bruka arbeidstid på fellesprosjekt så langt KUPmidlene rekk. I tillegg lova me at interesserte kunne få låne teknisk utstyr til opptak, dokumentering, redigering, arkivering og publisering. Dette har ført til ei rekkje kontaktar. Bortsett frå dei som alt er nemnde, har me drøfta idear med biblioteka på Stord og Bømlo og sogelaga på Voss, Os og Fana. 
Alle dess ideane kretsar rundt «kongstanken» om enkle intervju med «vanlege folk». Det er handlar både om å sikra at framtida får tilgang til eit breidt kjeldegrunnlag om vår tid  – og å sikra samtida eit mangfald  av forteljarstemmer. 

Samordning og samhandling: 

Samarbeidet med bibliotek og sogelag er strategisk viktig for Memoar: Visjonen vår er at alle bibliotek i Hordaland skal ha eit intervjustudio, og at alle kyst- og sogelag skal ha medlemmer som arbeider med samtidshistorie og samling av munnleg kjeldemateriale. 

Museumslektoren
Ei anna viktig gruppe av samarbeidspartnarar er muséa. Samarbeidet med Sjøfartsmuseet er alt nemnt. Me har også innleidd eit samarbeid med Bymuseet for å starta arbeidet med innsamling av munnleg kjeldemateriale som ein del av dei framtidige samlingane til eit brannhistorisk museum. 

Me har besøkt Norsk Vassdrags- og industristadmuseum i Odda for å drøfta samarbeid om ei større innsamling av munnleg industrihistorie. 
I perioden 1975 til ca 1995 skjedde store endringar der mange tradisjonsrike verksemder og yrker forsvann eller vart flytta til lågkostland. I dei industriane som vart att, skjedde grunnleggjande endringar av teknologi, organisasjon og kultur. Det er alt begynt å tynnast i rekkene av dei som sto midt oppe i dette. Memoar ynskjer å få i gang eit samarbeid om ei stor industriminneinnsamling i Hordaland. 
Både NVIM og Trikotasjemuseet i Salhus har viktige samlingar av munnlege kjelder, men dei er i liten grad tilgjengeleggjorte for ålmenta og dei er i endå mindre grad dokumenterte slik at dei eignar seg for publisering. Det er også ofte uklart om muséa har rett til å publisera, i og med at opptaka som oftast berre var tenkt til internt bruk i museet og at det difor ikkje vart gjort skriftlege avtalar om offentleggjering med informantane. 

Det går ikkje så fort å utvikla nye prosjekt saman med musea. Dei har alle store og langsiktige prosjekt på gang og har små sjansar til å «hiva seg rundt». Med det er på same tid heilt avgjerande å få  muséa til å fatta interesse for munnleg historie. Derfor er dette eit langsiktig arbeid som me vil prioritera i heile prosjektperioden. Fiskerimuseet har så langt det beste eksempelet på korleis munnlege kjelder kan bli brukt saman med gjenstandar til å tilføra liv og kvalitet i utstillingar. 

Arkivsektoren
Det har så langt ikkje lukkast å få til eit produktivt samarbeid med noko lokal- eller fylkesarkiv  i Hordaland. Det kan sjå ut til at det er kortare vei fram til eit nasjonalt arkiv for munnleg historie, forankra i Norsk Folkemuseum og Norsk etnologisk gransking. Der samarbeider me svært godt, og Memoar er aktivt med i utviklinga av det kombinerte arkivet og formidlingsmediet Minner.no.

Etter vårt syn bør Hordaland ha infrastruktur og kompetanse til å ha sitt eige munnleg historiearkiv. Kostnadane med å lagra lyd- og videofilar er dramatisk reduserte, og dokumentasjonsmetodar og -teknikkar er i ei spennande utvikling. Etter kvart som aktiviteten rundt innsamling og dokumentering aukar i musé og sogelag, aukar også faren for at verdfult materiale kan gå tapt viss ikkje arkivsektoren fylgjer med. Det er forståeleg at Fylkesarkivet og ulike lokale arkiv treng tid for å koma i gang med dette, og me er innstilte på å oppretthalda det mellombels privatarkivet så lenge det er naudsynt. Men me vil halda fram med initiativ i heile krafttaksperioden fram til utgangen av 2019.  

Mellombels privatarkiv: 
Med KUP-midler har Memoar nå bygd opp ein infrastruktur som fungerer i påvente av eit offentleg avleverings og -formidlingstilbod. Kort fortalt fungerer infraqstrukturen slik: 
  • Råopptak vert lasta opp til skyteneste Dropbox.com, der Memoar har etablert ein såkalla «business account». Den gir oss i prinsippet uavgrensa lagringsplass. 
  • Frå Dropbox hentar me råfilane inn i skytenesta WeVideo.com, som er eit enkelt redigeringsprogram der me kan gjera dei endringane som skal til for å laga råstoffet om til ein publiseringsklar fil.
  • Publiseringsfilen vert så lasta attende til Dropbox.com. Kvar forteljar (informant) får si eiga mappe med publiseringsfil, råfilar, avtaledokument og evt. anna digitalt materiale som ho/han ynskjer å avlevera. 
  • Dei publiseringsfilane som skal leggjast ut på Internett vert så lasta opp frå Dropbox.com til Vimeo.com/Memoar. Derifrå kan dei så publiserast (embeddast) på nettsider som www.Memoar.no eller andre nettsider. 

Når eit offentleg avleveringstilbod er på plass, vil innhaldet i ferdige (avleveringsklare) personmapper kunna overførast dit, truleg i prosjektvise samlingar (sjøfart, industri, krigsminne, lokalhistorie osb).

Avtaledokument: 
Mehar no utvikla og forsøkt ut ei standard avtaledokument som avklarar opphavsrett og brukstillatelsar for opptak og publiseringsfilar. Det er bygd på logikken i Creative Commons, og er laga som ei trinnvis avtale der opphavskvinna eller -mannen kan stryka bruksrettar nedanfrå. 

  • Dokumentet slår fast at det er forteljaren som er den primære opphavspersonen og den som avgjer bruksrett. Ho/han gir sitt samtykke til eit eller fleire av fylgjande:
  • At det vert gjort eit opptak 
  • At opptaket vert lagra av Memoar.
  • At opptaket vert dokumentert i form av ein logg med tidskodar som gir eit oversyn over innhaldet og kor dei ulike delane kan finnast.
  • At opptak og dokumentasjonsark vert overlevert offentleg arkiv med alminneleg innsynsrett.
  • At det vert laga ein publiseringsfil  som er i samsvar med god presseskikk, og at denne kan publiserast på Internett.
Avtalen ser ut til  å fungrta godt i tilhøvet mellon forteljar og intervjuar. Me vil gjennomføra drøftingmøter både med Datatilsynet og me Samfunnsvitskapeleg datateneste for å sikra at ikkje dei ser andre problem med å kunna bruka dei..

Dokumentasjonsmetoden : 
Me arbeider heile tida med å vidareutvikla dokumentasjonsmetoden vår, både for å gjera det enklare å bruka det munnlege kjeldematerialet, og for å effektivisera dokumentasjonsarbeidet. Me er godt nøgde med den metoden som me har no, og kjem ikkje til å leggjs mykjearbeid i vidareutvikling av den nesteår. 

Når det gjeld innhalds- og såkalla geotagging, har me utsett vidare utviklingsarbeid til tredje prosjektår for å kunna prioritera kompetanseutvikling og spreiing i 2017 og 2018.



Kompetanseutvikling:

Utvikling, spreiing og vedlikehald av kompetanse har vore eit hovudfelt i arbeidet. Det har vist seg behov for arbeid på minst tre ulike nivå: Frivillige minnesamlarar i Memoar, sogelag og andre samanhengar treng grunnopplæring i praktisk minnesamling. Profesjonelle –  tilsette i ABM-sektoren, profesjonelle minnesamlarar (oral historians) – treng både grunnopplæring og opplæring/utvikling av dokumentasjon og formidling. Og akademikarar treng fordjuping – ikkje minst i  forskingsmetodikk. 
Memoar har i fyrste halvår av prosjektet konsentrert oss om dei to fyrste.  Me har som nemnt gitt alle musea og sogelaga i Hordaland tilbod om kostnadsfrie introduksjonskurs og lån av utstyr, så lenge midla frå Kulturelt utviklingsprosjekt strekk til. Me tenkjer at så lenge munnleg historie er eit uvant felt for mange, er det god strategi å gjera inngangstersklane så låge som mogleg for å få fleire til å prøva seg. Me tilbyr desse tre introduksjonskursa: 

Introduksjonskurs: 
Enkel innføring i teknikk, lys og lyd. Enkle øvingar i intervjusituasjonar. Drøfteing av etikk og opphavsrett, måletjingar med intervjuet og enkel intervjuteknikk.

Dokumentasjonskurs: 
Korleis gjer ein munnleg kjeldemateriale tilgjengeleg for brukarane. Logging (stikkordsmessig innhaldsoversyn med tidskodar). Etikkvurderingar. Enkel redigering. Lagring og opplasting til digitalt arkiv. Nettpublisering. 

Formidlingskurs: 
Etikk og opphavsrett. Tidskodetagging. QR-kodetagging. GPS-tagging. Bruk av munnleg kjeldemateriale i foredrag, utstillingar, digitale vandringsruter, multimediale presentasjonar og nettpublikasjonar.  

Det har vist seg mange fordelar med å køyra korte ot tematisk konsentrerte kurs. Fordelane er at dei er enklare å få til og kortar avstanden fram til praksis med verkelege intervju. Erfaringa vår er at entusiasmen og læringskurven stig raskast etter at ein har begynt å intervjua/dokumentera/formidla. (Det same oppsummerer dei engelske læremeistrane våre i Oral History Society). 

Fordjupingskurs:
Etter at nye minnesamlarar har fått litt erfaring, er det særleg to områder der det er aktuelt med fordjupingskurs. I begge tilfellene er erfaringsutveksling ein viktig del av kursinnhaldet: 
  • Minneteori: Særtrekka ved munnlege kjelder. Dobbeltheten i minner, refleks av det som hende (for mange år sidag), og orda som vert forma på opptakstidspunktet. Korleis me hugsar – og korleis me gløymer. Minneintervjuteknikk. Forteljarrolle og intervjuarrolle. 
  • Prosjektkurs: Prosjektfokus, målgrupper, samarbeidspartnarar. Prosjektskildring. Budsjett. Finansiering. Organsiering. Framdrift. Evaluering. Formidlingsplan. Rekneskap. Sluttrapport.   
Me har blitt tatt opp som medlemmer av Studieforbundet kultur og tradisjon, og vil difor kunne få både fagleg og økonomisk støtte derifrå  til den vidare kursutviklinga. Me har ambisjonar om å gjennomføra introduksjonskurs fylgjande stader i andre halvår 2017 / fyrste halvår 2018: Sotra (Sund), Odda, Stord (Sunnhordland), Austrheim/Radøy (Nordhordland), Voss og Bergen (fleire kurs i Bergen).

Hordaland som nasjonalt kraftsentrum:
Me skal ikkje overdriva vekta av dette aspektet, men me vil gjerne ta med nokre ord om det. For det fyrste fekk me heilt i starten av krafttaksperioden oppleva at Bergen Kommune tildelte oss kommunen sin Kulturminnepris. Det har blitt lagt merke til utover i landet, og det har medverka til ei rekke invitasjonar til prosjektsamarbeid. Kort kan nemnast: 
  • Norsk industriarbeidermuseum har utvikla ein prosjektidéen «Arbeidsforteljingar» som ein del av sitt arbeid med den industrielle verdensarven i Telemark. Både Memoar og Sjøfartsmuseet i Bergen vart inviterte inn som partnarar i ein søknad til Kulturrådet. Den førte ikkje fram, men den delen av prosjektet som omhandlar Rjukanbanen fekk seinare støtte frå Norsk Jernbanemuseum. Memoar har sagt ja til å samarbeida om kursing og intervjuopptak.
  • Østfoldmuseene har invitert Memoar til samarbeid om kurs og intervjuopptak i samband med sitt prosjekt «Borregårdsamfunnet». Det skal dokumentera livet på Borregård fabrikkar og samfunnet rundt, mellom anna med innsamling og bruk av munnlege kjelder. 
  • Forskning: Professor Olav Wicken ved Institutt for teknologi, innovasjon og kultur ved UiO har invitert Memoar inn som kompetanseressurs i ei større innsamling av munnleg kjeldemateriale om overgangen frå forvalting til forretning i energisektoren i Agder og overføring av akkumulert kapital frå kraftsektoren til kultur/kompetanse. (Sjå Krs1990-2017.Memoar.no)
  • Internasjonalt: Leiarane av Norsk etnologisk gransking, Folkeminnesamlinga og Memoar (Audun Kjus,  Line Esborg og Bjørn Enes)var like før jul 2016 på studiereise til Cork Folklore Project i Irland for å studera samarbeidet mellom akademia og frivillige i innsamling, dokumentasjon og formidling av oral history i Cork, mellom anna delprosjektet Cork Memory Map. Begge dei nasjonale kompetansemiljøa har uttrykt interesse for å delta i utvikling av liknande prosjekt i Hordaland.