Framdrift‎ > ‎Prosjektplan‎ > ‎

Kulturpolitikk

Før me går inn på det konkrete prosjektet,

ynskjer me å fortelja kvifor me meiner at visjonen vår

samsvarar med målsetjingane i den regionale kulturpolitikken: 


Formidling og deltaking: 

Den frie, munnlege forteljinga inneheld myje meir enn ord: Tonefall, andlets- og handrørsler, blikk, geip, glimt, rykk, smil, flir, lått - og mange lag med undertekst.

Munnlege forteljingar får særleg verdi når innhaldet ikkje vert styrt gjennom spørsmåla til ein statistikar, vinklinga til ein journalist eller filtreringa til ein vidareformidlar.

Likevel har munnlege kjelder lenge hatt låg status i Noreg. Den mest "hårete" ambisjonen vår er at det skal bli god folkeskikk for alle å fortelje under opptak ved viktige milepelar langs livsvegen.

Memoar vil gjere det lett å få gjort slike opptak, å få dei bearbeidd slik at dei vert søkbare element i vårt kollektive minne - og å få på plass den infrastrukturen som skal til for at dette "kollektive minnet" skal ha form av eit ope offentleg arkiv.

Me vil også at minnene skal kunne delast. Den delingskulturen som ser ut til å feste seg i vår tid er etter vårt syn grunnleggjande sunn og ei positiv motkraft til den tilskodar-kuturen som lenge prega moderniteten.

Me vil gjere alle til deltakarar i utviklinga av den store forteljinga om vår tid.

Samordning og samhandling:

Sjølv om munnlege forteljingar er den eldste av alle historiemetodar, så står Memoar for noko nytt når me vil samle minneforteljingar i masseomfang, gjere dei søkbare og lggje dei i offentlege arkiv for bevaring i all framtid.

Me ynskjer å konsentrere oss om dette "nye" (fokus og kompetanse på innsamling. dokumentasjon, arkivering og tilretteleggjing for bruk av munnleg historie).

Men me kan ikkje gjere det på ein einaste plass utan samhandling og samordning med dei som alt er på dei ulike samfunnsområda:

- bibliotek, museum, arkiv,

- kyst- og sogelag, lokal- og organisasjonshistorikarar, slektsgranskarar

- kunstnarar, forskarar.

Alle treng betre metodar og kunnskapar om munnleg historie - og me treng samhandling med alle.

Kunstnarleg nyskaping: 

 I søknadsskjemaet for KUP-midler har me ikkje kryssa av for dette programområdet.

Men me kunne ha gjort det, for der er uklare grenser for kva som er samling og formidling av munnleg dokumentasjon, og kva som er nyskapande kunst.

Forteljarkunsten i seg sjølv er eit folkeleg kulturuttrykk som kanskje fortener ein rennessanse - både som "folkeleg" og profesjonell kunstform?

Munnleg historie er også ein av dei viktigaste (og eldste) formen for kjeldemateriale til litteratur, film, utøvande og visuelle kunstformer.

Kan det ikkje tenkjast at eit mangedobla tilfang av fyrstehands munnlege kjelder også vil kunne styrke alle kunstformer?

Ligg det ikkje også materiale til heilt nye kunstformat i denne visjonen?

Comments